Grunnskulelærarstudentar lærer brubygging
Av Aud Marit Wigg
”Det er eit hektisk prosjekt. Studentane skal jobbe innan ulike materialutfordringar med ei didaktisk vinkling som gjer at profesjonselementet står sentralt”, seier Vasset.
Det er mange positive element ved dette prosjektet. Dei 9 grunnskulelærarstudentane har samarbeida om heile oppgåva, og har med dette vist at ”saman er vi sterke.” Men studentane ser også den tverrfaglege nytten av oppgåva. ”Dette er noko vi like gjerne kunne ha gjort i norsk med tittelen ”Kven trampar på mi bru”. Det kunne også vore eit samarbeidsprosjekt med naturfag”, seier studentane. Vi får håpe at studentane tek med seg denne lærdomen når dei om fire år skal ut som lærarar i grunnskulen.
Brua finn du over elva som renn mellom Nyeloftet og Nedretun. Brua vert ståande nokre dagar til, for den som vil ta ho i nærmare augesyn.
Neste oppgåve tek føre seg målestokk og matematikk. Då skal studentane først teikne om ei garasje til studenthybel, for så å bygge hybelen i målestokk 1:20. Vi gler oss til å sjå resultatet av dette prosjektet!