The Giant of the Nordic Viola
Lars Anders Tomter (fødd i 1959) har spelt og spelar med orkester over heile verda, slike som Royal Philharmonic Orchestra i London, Hungarian National Philharmonic og Dutch Radio Philharmonic. Han har turnert med Det Norske Kammerorkester i USA og Tyskland. Han har fått mange prisar og rosande kritikkar for sitt virtuose og varme spel. Han er også ein føregangsperson på å bestille og framføre verk av nolevande komponistar. Dei som har skrive bratsjkonsertar for han er mellom anna Ragnar Søderlind (Norge), Erkki-Sven Tüür (Estland), Anders Eliasson (Sverige), Rolf Wallin (Norge) og Magnar Åm (Noreg).
Sistnemnde står fredag på programmet med bratsjkonserten “Inngang, nærvær, utgang”, eit stykke i tre satsar som reflekterar over sjølve det å leve. I tillegg framfører Tomter saman med Ålesund Strykekvartett Wolfgang Amadeus Mozart sin strykekvintett i C-moll.
Lars Anders Tomter, “The Giant of the Nordic Viola”, som musikkmagasinet The Strad kallar han. Tomter er å finne i CD-katalogane til Simax, Naxos, Virgin Classics, NMC, Somm og Chandos.
Konsertsalen er nyleg oppgradert.