Ta ordet-kurs med VR-briller
Synes du det er vanskeleg å snakke framfor andre? Gruar du deg lenge før ein presentasjon? Blir du stressa og nervøs før munnleg eksamen? Då er dette kurset for deg!

Kurset er lagt opp slik at du sjølv har moglegheit til å velje kor mykje du vil utfordre deg. Vi vil gjerne hjelpe deg til å få kontroll på sveitte hender og spente nervar med gode tips, praktiske øvingar og heimeoppgåver.
Kurset går over fire gonger og har plass til 10 deltakarar.
Det blir gratis middag etter kvar kursøkt!
Velkommen til fire økter med fokus på meistring
1. kursdag måndag 20. november
2. kursdag onsdag 22. november
3. kursdag måndag 27. november
4. kursdag onsdag 29. november
Alle kursdagar frå kl. 14.00 – 17.00
Kursleiarar er: Elin Gundersen og Eli Anne Løksa, sjå sivolda.no
Påmeldingsfrist: Onsdag 8. november.