Nettseminar: Små krav, store skilnader
Får lærarstudentane god nok norskkompetanse? Nei, går det fram av ein fersk rapport som blir lagd fram på dette nettseminaret.

Statlege universitet og høgskular utdannar lærarar til heile landet. Over 70 000 elevar skal ha all undervisning på nynorsk. Heile Noreg treng lærarar, men korleis utdanne lærarar til heile den norske skulen?
Rapporten som blir lagd fram på nettseminaret, er skriven av Nynorsksenteret på oppdrag frå Språkrådet.
Timeplan
9.00–10.00: Ein skuletime med Språkrådet
Pedagogikk: Ida Marie Jegteberg og Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret om funna frå den nye rapporten
Norsk: Hjalmar Trond Eiksund ved Høgskulen i Volda om kva det vil seie å ha kompetanse i norsk
Samfunnskunnskap: Endre Brunstad ved Universitetet i Bergen om lærarstudentane sine språkkunnskapar i eit større perspektiv
Leksehjelp: Pål Lundberg viser fram god praksis ved Oslomet
10.00–10.05: Storefri med videoinnslag
10.05–11.00: Munnleg eksamen
Åse Wetås, direktør i Språkrådet, møter Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet, og andre representantar for styresmaktene i kunnskapssektoren
Med atterhald om endringar. Arrangementet blir tolka til teiknspråk.