Kurs: Kva er einsemd?
Alle har vel kjent på følelsen av det å vere einsam innimellom, men kva gjer du om denne følelsen er vedvarende?

Målet for kurset er at du skal få innsikt i kva einsemd er, og kva ein kan gjere for å kome ut av det.
Kurset er gratis, har matservering og er utan påmelding.
Kursholdar:
Marit Rønning Lund, rådgiver i Sit
Marit er utdanna barnehagelærer og har videreutdanning innan personal-og organisasjonsutvikling, veiledning, prosessledelse og kognitiv terapi.