Flåklypa på film
Både Kjell Aukrust og Ivo Caprino ville blitt 100 år i 2020. Forskingsgruppa AFON (Animasjon før og no) ved Avdeling for mediefag arrangerer eit seminar om animasjonsfilmene basert på Kjell Aukrust sitt unike univers.
Flåklypa Grand Prix (Ivo Caprino, 1975) er den kinofilmen som er sett desidert flest gongar i Norge. Den er sett av over 5 millionar av oss på kino. I tillegg har den vore ein kjempesuksess som kjøpevideo. Og den visast kvart år på TV som del av juletradisjonane våre.
Solan, Ludvig og Gurin med Reverompa (John M. Jacobsen og Nille Tystad, 1998) er den første animerte teiknefilmen som er laga i Norge.
Dei nye dokkefilmane frå Flåklypa er alle regissert av Rasmus Sivertsen, tidlegare Volda-student. Han har også regissert ei lang rekke andre animerte kinofilmar om Hakkebakkeskogen, Kaptein Sabeltann og mykje meir. Han er den filmskaparen i Norge som har samla sett hatt det største kinopublikummet gjennom tidene!
Både Nille Tystad og Rasmus Sivertsen kjem til seminaret om Flåklypa-filmane på Høgskulen i Volda onsdag 13.november. I tillegg kjem professor Kari-Mari Jonsmoen frå Oslo MET. Saman med kunstvitar og filmskapar Stig Andersen og Gunnar Strøm har ho skrive bok om Aukrust som kjem i jubileumsåret 2020. Seminaret er ope for alle.
Seminaret vert halde i det lille auditoriet i Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda.
Program
Tysdag 12. november NB! Strøm 245
18.00 Solan, Ludvig og Gurin med Reverompa (Nille Tystad og John M. Jacobsen, 1998). Filmvisning. Høgskulen i Volda. Innleiing: Nille Tystad.
Onsdag 13. november
10.00 Velkomen. Gunnar Strøm
10.15 Introduksjon til Flåklypa-universet. Kari-Mari Jonsmoen
11.00 Kaffipause
11.15 Flåklypa Grand Prix. Stein-Christian Fagerbakken og Gunnar Strøm
12.00 Lunsj
12.45 Nille Tystad (Regissør Gurin med Reverompa)
13.45 Kaffipause
14.00 Rasmus Sivertsen (Regissør dei 3 nye dokkefilmane)
15.00 Oppsummering.
(Det er sett av tid til Q&A etter presentasjonane)