Lunsjarrangement: «Draumen om eit bibliotek»
Ved foten av Kilimanjaro i den vesle byen Himo ligg Bethel school. Birgitte Fondevik, førstelektor i norsk som andrespråk på HVO, har vitja skulen og engasjert seg i eit leseprosjekt. Elevane, som alle snakkar swahili, får leseopplæringa si på engelsk – eit språk dei ikkje kan.

Kritt og tavle er det viktigaste verktøyet læraren har. Elevane les det læraren skriv på tavla. Mangel på læreverk og bøker gjer at elevane har lite anna å lese på. Draumen er eit bibliotek.
På lunsjarrangementet på HVO-biblioteket fredag 8. november vil Birgitte Fondevik gje eit glimt inn i skulekvardagen til elevar og lærarar på Bethel school, og ho vil fortelje om prosjektet som har som målsetting å styrke leseopplæringa til elevane.
Ta med matpakke og kopp, det blir servert gratis kaffi/te.
Alle er velkomne!