Ei studiereise som blei noko mykje meir - inntrykk frå fire dagar i Sápmi

I byrjinga av desember 2018 drog fire tilsette på Institutt for språk og litteratur på studiereise til Karasjok og Kautokeino. Dei fire var: Maren Østrem Nesse, Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, Gudrun Kløve Juuhl og Inger Strand. Dei har det til felles at dei underviser studentar på Høgskulen i Volda i temaet samisk kultur og språk, og kjende på behovet for å lære meir sjølve.

Kva kan ein lære om ein kultur på fire dagar? - Ein heil masse, om ein førebur seg godt og er opne for det ukjende, seier dei fire.

På lunsjarrangementet på HVO-biblioteket den 6. mars vil dei dele med oss noko av det dei lærte om den samiske språksituasjonen, om kvardagen i ein samisk barnehage, om å vere samisk minoritet i vår tid og om å sjølv vere del av den norske majoriteten.

Dei fire vil formidle kvar sine tankar om ulike tema. Dette blir eit uformelt og vonleg inspirerande lunsjtreff for alle som er opptekne av samisk kultur og også for dei som ønskjer å høyre om korleis ei studiereise kan opne for ny innsikt.


Ta med matpakke og kopp, det blir servert gratis kaffe/te

Deltakarar på studiereise til Sapmi

Alle er velkomne

Del på: