Nytt: Helsestasjon for studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sosial- og helsedirektoratet har løyvd kr 100.000 til eit samarbeidsprosjekt mellom Volda kommune ved Helsestasjonen, Studentsamskipnaden for Sunnmøre og Høgskulen i Volda etter handlingsplanen for førebyggjing av uønska svangerskap og abort 2005. 

helsetenesta520

Helsesyster Mari Heltne vil halde til i Lettbygget.

- Målet med prosjektet er å auke kunnskap om seksuelt overførbare sjukdomar og bruk av prevensjon i målgruppa mellom studentar.
Tenesta vil omfatte informasjon og vegleiing i forhold til kropp, seksualitet og  prevensjon.

Studentane vil få tilbod om testing av klamydia, informasjon om prevensjonsmetodar, foreskriving av prevensjonsmidlar og dei vil få utdelt gratis kondomar. I tillegg får dei hjelp til å bestille time hjå 
fastlege, eller ordne med fastlege. Om det er ynskjeleg kan ein også enkelt og greit få ein uformell samtale om kropp, seksualitet og prevensjon.

Velkomen!


 

Del på