Nye partnarar i Spania og Portugal
Høgskulen i Volda er ein av dei utdanningsinstitusjonane i Noreg som satsar mest på internasjonalisering. Dette gjer vi fordi:
- Språk og kulturforståing er viktig
- Internasjonal erfaring blir stadig meir etterspurt både i privat og offentleg sektor
- Ute får ein kompetanse ein elles ikkje ville fått
Cecilie Wilhelmsen oppmodar studentar til å reise til Spania og Portugal!
HVO har ein solid portefølje ute i verda og avtale med rundt 120 institusjonar i 45 ulike land. Forrige veke var høgskulelektor Sissel Midtlid frå Kunst og Handverk og leiar for internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen i Spania og Portugal. Her besøkte dei partnarane Universidad de Huelva i Spania og Universidade do Algarve i Faro, Portugal.
Begge desse institusjonane er svært interesserte i å ta i mot studentar frå Volda, og dei ønskjer også å sende studentar til Volda. Dette er mogleg gjennom Erasmus programmet, der ein ikkje berre får adgang til eit spanande universitet i Europa, men også får ekstrastipend med på kjøpet. Dette gjeld for så vel studieopphald som praksisopphald. Universitetet i Huelva la mellom anna vekt på å kunne tilby praksisplassar, ei ordning som er relativt ny og som for tida fristar med stipend på Euro 413 kvar månad, i tillegg til internasjonal erfaring.
Det er mange studentar som dreg ut og stadig fleire som kjem til Volda.
- Alle bachelor- og masterprogramma i Volda legg til rette for eit eller to semester ute
- Meir enn 200 Volda-studentar dreg ut kvart år
- Rundt 80 kjem inn - målet er å auke talet på innreisande til 200
- Campus i Volda er svært internasjonal med studentar frå 30 ulike land
Du kan lese meir om utveksling og avtalar på Internasjonalt kontor sine sider.
Sissel Midtlid og Cecilie Wilhelmsen saman med Christina Price - leder av internasjonalt
kontor Universidad da Huelva, Spania
Sissel Midtlid og Cecilie Wilhelmsen saman med professor Marina Estela Graça frå
Universidade do Algarve i Faro, Portugal