Fadderveka godt i gang!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Fadder­ordninga har vore eit fast innslag i studentmiljøet i Volda i fleire år. Fadderane skal hjelpe til å gjere starten på studieopphaldet så bra som mogeleg.

IMG_0483_fadder_525_300jpg
Marte og Heidi meldte seg som faddarar for å bli med på det som skjer.


Fadderveka gir ein god start
Fadderane er studentar som har studert her i eitt eller fleire år. Det  vert ei rekkje sosiale arrangement og konsertar, og først ut er rebusløp som viser kva Volda har å by på.

- Det var for moroskyld eg meldte meg som fadder, og eg synes det ser kjekt ut. Eg var sjølv ny student i fjor og med på fadderveka. Ein må det!, seier Marte.

- Det er viktig å bli med og få med seg det som skjer. Fadderveka gjer det lettare å bli kjent, for fest og moro gjer ein kanskje litt mindre sjenert. Dessutan er det mange i same situasjon, og vi som er fadderar er litt meir husvarme, seier Heidi.

Dei er begge einige om at det er godt å vere tilbake i Volda. Marte skal starte på bachelor i informasjon og media, medan Heidi er på andre året.

- Eg gler meg til å komme i gang, treffe medstudentar og bli kjent med nye menneske, avsluttar Marte.

www.hivolda.no/fadder finn du programmet for fadderveka.

Del på