Bachelorkonsertar med stor spenvidde

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kato Adolfsen er først ute onsdag 19.mai på Rokken med konserten "Let me entertain you" - ei hyllest til artisten Robbie Williams. Med seg har Kato Mattis Moviken på trommer, Gard Eirik Austrheim og Kristoffer Moene Rød på gitar, Vegard Selheim på bass, Øyvind Eiksund på piano, Raymond C. Knutsen på orgel, og Hanne Wroldsen, Sofie Hoff Jørgensen og Anne Berit Jordal på vocals.

Rokken er også staden for Torgrim Vågan sin bachelorkonsert den 19.mai. Torgrim har fordjupa seg i temaet jazzimprovisasjon på gitar, med utgangspunkt i meir eller mindre kjende låtar frå standardrepertoaret. På konserten "Standards in Volda" vil det bli servert alt frå hardsvingande boplåtar til utsøkte balladar. Medverkande er Tommy Alræk Halvorsen på trommer og Torkjell Hovland på kontrabass.

Seinare på kvelden 19.mai tek Sigve Grønbeck Kristoffersen og bandet Ziggy in the Sky over scena på Rokken, med konserten " My Heroes: Capturing Their Spirits In Songs". Sigve har skrive eigne låtar med inspirasjon frå musikalske forbilde. Bandet spelar ei tøff blanding av m.a. funk og rock'n'roll. Bandmedlemmane er Øyvind "Hessenhoff" Hessen på gitar og vocals, Martin "Kugen" Sørvold på trommer og Sigve "Ziggy" Kristoffersen på bassgitar.

Thomas Wiklund held sin bachelorkonsert torsdag 20.mai, med konserttittelen "Flare is

Meteor". Thomas har hovudinstrumentet gitar og vil framføre eigenproduserte låtar han har arbeidd med det siste skuleåret. Musikken er i hovudsak inspirert av pop og rock frå 80- og 90-talet. Med seg har han Jørgen Waage (vocals), Vegard Selheim (bass) og Bjørn Noralf Dybvik (trommer).

03d481379b33247fe50d9668c655ac6e93541c40

Malin Høie Ørsal  

"Both sides now" er tittelen på eksamenskonserten til Malin Høie Ørsal den 20.mai. Konserten blir ein hyllest til den legendariske songaren og låtskrivaren Joni Mitchell. Gled deg til songar som "Big Yellow Taxi" og "Both Sides Now". Med seg har Malin Øyvind Hessen på gitar, Niosha Amini på bass, Øyvind Eiksund på piano og Martin Sørvold på trommer og perkusjon.

Gard Eirik Austrheim er sistemann ute på Rokken, torsdag 20.mai. Gard hyller gitarlegenda Eric Clapton med konserten "Clapton is God". I bandet er: Gard Eirik Austrheim og Øyvind Hessen (gitar), Kato Adolfsen (vocals), Sigve Kristoffersen (bass), Håkon Møller (tangenter) og Martin Sørvold (trommer).

"Type I" er tittelen på ein komposisjon skrive for piano og strykekvartett, av Per Anders Store. Komposisjonen utgjer halvparten av bacheloroppgåva hans og bygger på emnet Intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi. Stykket består av to satser, med namna "Prodromal" og "Active", og verket blir urframført tysdag 25.mai, i aula BC på Kaarstad-huset, HVO. Vel møtt til ei spennande oppleving! Medverkande er: Magnar Åm (piano), Øystein Salhus og Øyvind Eiksund (fiolin) og Kai Evensen (cello). Namn på bratsjist er ikkje klart endå.

Martine Klingan Skjold presenterer låtar av John Mayer med konserten "John Mayer: BELIEF, tysdag 25.mai på Rokken. Konserten blir eit tilbakeblikk på Mayers karriere og vil innehalde låtar frå t.d. det verdskjende albumet "Continuum". Det blir en stemningsfylt kveldsstund med  pop, funk, blues og rock, blanda med bandet sitt eige utrykk. Martine spelar gitar og har med seg Henrik Solberg (vocals), Tor Erik Vårdal (gitar), Vegard Selheim (bass), Håkon Møller (keyboard) og Mattis Moviken (trommer).

Tor Erik Vårdal sin eksamenskonsert på Rokken 25.mai har tittelen "Fenomenet Peter Green". Bli med på ei reise tilbake i tid til den gong Peter Green, saman med bandet sitt Fleetwood Mac, dominerte musikkscena i store delar av Europa. Det musikalske utvalet konserten baserar seg kring er henta frå perioden 1967 - 1970, ein periode som fremjar Peter Green sitt åpenbare musikalske talent og gode låtskrivareigenskapar. Medverkande er: Tor Erik Vårdal (gitar og vocals), Martine Skjold (gitar), Cornelius Østlie (bass) og Mattis Moviken (trommer og perkusjon).

Med tittelen"Maestro, spel ein tango" innbyr trekkspelaren Morten Bollerud  til tangomusikalsk lidenskap og melankoli på Rokken, 25.mai. Han vil saman med gode musikarvenner by på både gamle tangoperler, banebrytande stykke av Astor Piazzolla og moderne "groovy" tango fusion av Gotan Project. Rett og slett ein tangoaften av dei sjeldne...

Mattis Moviken avsluttar konsertkvelden på Rokken 25.mai med konserten "An Evening with Mezzo Forte".  Denne konserten skal vere ein hyllest til bandet Mezzoforte og det dei har oppnådd i løpet av karrieren. Groovy trommespel, sterke bassliner, elegante melodifraseringar og hint av blåtonar, er berre ein prosentdel av det ein får høyre denne kvelden.

"Salmer i loop" er tittelen på ein annleis kyrkjekonsert! Karoline Rånes Tommelstad presenterer salmer med utgangspunkt i si eiga stemme. I tillegg til å loope seg sjølv, altså legge si eiga stemme i fleire lag ved hjelp av digitalt verkty, har hun med musikarane Magnar Åm på tangentar og Arild Andenes på trompet. Anne-Birthe Nord skal bidra med dans. Konserten finn stad i Volda kyrkje, onsdag 26. mai, kl 16.00.

5d9f8d0d4de7d2564905cea9abf536c28e4374ce

Ingvild Kjæstad Sæterli har fløyte som hovudinstrument og har dette skuleåret studert ved musikkonservatoriet I Riga. Ho kjem attende til Volda for å gi sin avsluttande bachelorkonsert med tittelen "Mozart for fløyte". Bert Handrich vil akkompagnere, og konserten blir den 26.mai i aula BC på Kaarstad-huset, HVO (med stryketrio frå symfoniorkesteret ved HVO).

Med konserten "Nuevo tango: Musikk av Astor Piazolla", vil Elisabeth Røyset spele Adios Nonino, Histoire du Tango og Chiquilin de Bachin, alle kjende og mindre kjende stykke av den store musikaren og komponisten Astor Piazzolla (1921-1992). Elisabeth spelar fiolin, og med seg har ho Øystein Salhus (fiolin), Elizabeth Oltedal (piano), Annbjørn Husby (kontrabass) og Helge Ressem (trekkspel). Også denne konserten er den 26.mai på Kaarstadhuset.

806f2ad0a42206a0f1e37fc2380c5aa6f2322b0d

Elisabeth Røyset

Sistemann ute i bachelorkonsertserien er Vegard Selheim, med tittelen " Elgitar og Piano som skapende instrumenter ". Vegard er i hovudsak elgitarist, men dei siste åra har han også spelt ein del piano. Denne konserten inneholder musikkstykker som Vegard har komponert for gitar, og musikk som han har komponert for piano. Konserten er den 26.mai i aula BC på Kaarstadhuset.

VEL MØTT TIL SPENNANDE KONSERTOPPLEVINGAR!

Del på