Stor interesse for naturguideutdanninga

Til hausten er det oppstart for det nye studiet Naturguide (60 stp). – Det har vore stor interesse for dette tilbodet på Facebook, seier rekrutteringsansvarleg Ann Karene Rasmussen.

Ei sak om det nye studietilbodet har på få dagar nådd over 96 000 på Facebook.

– Hittil har 1208 har klikka seg inn på kampanjesida på hivolda.no berre frå Facebook.  459 har likt innlegget, 19 har kommentert det og 27 har delt, seier Rasmussen fornøgd.

– Totalt har kampanjesida for naturguideutdanninga hatt 2223 treff sidan den kom opp for vel ei veke sidan, seier Tone Solhaug og Ann Karene Rasmussen ved informasjonskontoret.

Om utdanninga

Studiet i naturguideutdanning har fokus på guiding frå hav til fjell, på nye teoriområde innanfor reiseliv, og gjesten sitt perspektiv. I studiet lærer ein om guiding både i sommarhalvåret og i vinterhalvåret i ulike naturtypar. Studiet har fokus på guidearbeid i norsk fjordlandskap, med spesiell vinkling på lokalgeografi, lokalhistorie og lokale naturbrukstradisjonar. Studiet har også vekt på reiseliv, opplevingspsykologi og forståing for at vi arbeider med menneske som står i relasjon til andre menneske, tryggleiksmessig og sosialt.

Les pressemelding.

Stor søking til studietilboda innan idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda.

Del på: