Utvekslingssuksess
Trivst utmerka mellom fjell og fjord: Lucie Odehnalova frå Brno i Tsjekkia hadde ei fantastisk tid i Volda. Nyleg var ho tilbake for første gong etter utvekslingsopphaldet.
Omdømmeundersøkelsen 2010, utført av Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), viser at internasjonale studentar som tek heile graden i Norge legg mest vekt på at Norge har eit engelskspråkleg tilbod. Utvekslingsstudentar nemner meir turistliknande grunnar for å kome til Norge. For seks av ti er nemleg norsk natur hovudgrunn til å velje Norge som studiestad.
– Eg får ro i sinnet av å vere omringa av all den flotte naturen. Det verkar også som om nordmenn stressar mindre og tek livet meir med ro enn i Tsjekkia, seier Odehnalova.
Opnare skulesystem
I følgje Omdømmeundersøkelsen er heile 85,5 prosent av dei internasjonale studentane i Norge nøgd eller svært nøgd med opphaldet.
– Internasjonale studentar føler at dei møter eit opent system som er mykje mindre hierarkisk enn i andre land. Ein er på førenamn med førelesaren og kan ta ein kaffi i kantina med professoren. Dette er ein av faktorane internasjonale studentar tykker det er vanskelegast å tilpasse seg, men som dei samtidig set størst pris på, seier seniorrådgivar i SIU Stian Hofslett Thowsen til STUDVEST.no.
Odehnalova kjenner seg igjen i det Hofslett Thowsen seier.
– Heime i Tsjekkia er det akademiske systemet mykje strengare og hardare. Det er dessutan fleire fristar og innleveringar.
Mange vel å bli lenger
I Volda trivst internasjonale studentar så godt at heile 15 av 55 vel å bli eit semester lenger dette skuleåret. Leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen er ikkje overraska.
– Høgskulen i Volda er den mest populære utvekslingsstaden blant fleire av våre partnaruniversitet. Det er ikkje for ingenting at me nyttar slagordet «Volda is the place you'll never forget» - dei internasjonale studentane elskar å vere her, slår ho fast.
Wilhelmsen kjenner igjen resultata av undersøkinga SIU har gjort i tilbakemeldingar frå studentar.
-Ro i sinnet, frisk luft og fantastisk natur - for mange er det nærast eventyrleg å vere her, seier Wilhelmsen entusiastisk.
Betre engelsktilbod
Norske utdanningsinstitusjonar har dei siste åra utvikla mange nye studieprogram på engelsk. I følgje Hofslett Thowsen i SIU famnar program på engelsk no om lag 200 masterprogram og 4000 enkeltkurs.Også ved Høgskulen i Volda arbeidast det med å opprette fleire kurs på engelsk, samt å setje om nokre av kursa som no går på norsk til engelsk.
–Fleire kurs på engelsk vil styrke det internasjonale miljøet ved høgskulen. Klarer ein å erstatte eigne studentar som reiser ut med internasjonale studentar slår ein to fluger i ein smekk, seier leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen.
Omdømmeundersøkelsen 2010
85,5 prosent var «nøgd» eller «svært nøgd» med opphaldet.
3,5 prosent var «misnøgd» eller «svært misnøgd».
Åtte av ti valte Norge som studiestad på grunn av studietilbod på engelsk.
Romantiske relasjonar var den minst viktige faktoren for val av Norge som studieland.
Kilde: SIU