Skrift på ny vegg i Berte Kanutte-huset
Reidun Aambø har undervist internasjonale studentar i 22 år.
─ Ein spennande juleferie, kommenterer ho. ─ Rekkefølgja på bokstavane er ulik i ulike alfabet, så det vanskelegaste var å sette opp same rekkefølgja i dei fem alfabeta slik at ein kan samanlikne med det latinske alfabetet øvst oppe. Gresk, kyrillisk og latinsk alfabet har store og små bokstavar, medan bokstavane i arabisk, hebraisk og koreansk alfabet har berre ein størrelse. Nokre av alfabeta har fleire bokstavar enn det latinske, andre har færre.