Gnistrande Mendelssohn
Det var eit variert program med musikk av komponistar som Grieg, Brahms, Ravel og Mendelssohn som begeistra publikum denne kvelden. Ståande ovasjonar og bravo-rop vitna om korleis musikken og prestasjonane vart verdsett av publikum.
Grieg
Kvelden opna feiande friskt med Norsk dans av Grieg framført av pianistane Benjamin Frith og Kristian Lindberg.
Norsk dans av Grieg er kjenningsmelodien til NRK-programmet Norge rundt.
Ravel
Pianisten Benjamin Frith og Erlend Tyrmi (baryton) framførde dei tre songane som til saman utgjer “Don Quichotte a Dulcinee”. Desse songane var eigentleg bestilt til ein film, men Ravel arbeidde så langsamt at han miste oppdraget, som gjekk til Jaques Ibert.
Brahms
Brahms sin nydelege klarinettrio var siste verk ut før pausen.
Gould, Lindberg og Nyman i flott samspel.
Mendelssohns andre strykekvintett
Fem av festivalens strykarar med Annar Follesø i spissen avslutta konserten med eit av tidlegromantikkens verkelege meisterverk – Mendelssohns andre strykekvintett.
Eit utsnitt av kvintetten som spelte strykekvintett nr. 2 av Mendelsohn.
Gode musikkopplevingar i vente
– Dette var ein veldig fint samansett konsert med eit fantastisk samspel mellom musikarane. Eg gler meg til framhaldet og ønskjer publikum på Søre Sunnmøre gode musikkopplevingar, seier Jacob Kjøde jr, ein av initiativtakarane til Sunnmøre kammermusikkfestival.
Musikarane som var i aksjon torsdag 3. mai.