Kom på Internasjonal dag!

I morgon klokka 11.15 går fanfaren for Internasjonal dag i Berte Kanutte. Fram til klokka 14.30 vert det eit levande program spekka av god musikk, informasjon, fargerike stands og gratis internasjonal mat i kantineområdet og Store BK auditorium.

8faf78721bef649fa407cd430f629f037b8944dc


–Internasjonal dag arrangerast først og fremst for å inspirere våre studentar til å ta eit semester i utlandet, men også for å vise fram vår rekordstore internasjonale campus, seier leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen. 

Fargerike stands

På standane står representantar frå fleire av Høgskulen i Volda sine partnaruniversitet, i tillegg til voldastudentar som har vore på utveksling og internasjonale studentar på campus. 

–Eg håper så mange som mogleg finn vegen til standane for å finne ut kvar dei vil på utveksling, eller rett og slett for å dele erfaringar, seier Wilhelmsen engasjert.

 

95acc8024c1e1d0f8ed5ad163eed13cfc3b90b80

SAMSAYA kjem til Internasjonal dag og held konsert på Det grøne treet klokka 22.00. Foto: Hilde Holta Lysell

Mini-pop-konsert med Samsaya

Rett frå opptak av Lydverket-sending i NRK, og med sin nyaste singel «Breaking Bad» A-lista på P3, kjem norsk-indiske Samsaya til Internasjonal dag si scene. Ho held mini-pop-konsert klokka 11.45 og deler deretter litt av si eiga internasjonale erfaring i Store BK auditorium. 

–Samsaya har interessant internasjonal erfaring, og eg trur ho kan vere til inspirasjon for mange av våre studentar. Ho har dessutan indisk bakgrunn og India er eit av landa Høgskulen i Volda vil satse på når det gjeld utvekslingsdestinasjonar i åra framover, seier Cecilie Wilhelmsen. 

Meir om Samsaya:

www.samsaya.com 
www.facebook.com/SamsayaOfficial

Del på: