Fagdag i geriatri 2018
Personsentrert omsorg, samtykkevurdering og underernæring i demensomsorga
Sjustjerna Helse og omsorg, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda arrangerer fagdag i geriatri for helsepersonell 25. og 26. januar. Dette er to like fagdagar.
Hovudmålsettinga for fagdagen er å styrke kompetansen om personsentrert demensomsorg, kommunikasjon og utfordrande adferd. Fagdagen tek også føre seg andre utfordringar helsepersonell møter i samhandlinga med menneske med demenssjukdom, som vurdering av samtykkekompetanse og underernæring.
Foredragshaldarar
Anne Marie Rogstad er sjukepleiar, tilsett som post. doc. ved Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse og som førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde. Ho har ei doktorgrad frå Universitetet i Oslo, Institutt for klinisk medisin, og som omhandla utvikling av personsentrert demensomsorg i sjukeheimar. Ho har skrive boka: Se hvem jeg er! Personsentrert omsorg ved demens, utgitt på Universitetsforlaget.
Egil Arne Standal er jurist og har arbeidd som advokat frå 1989-2009. Han har sidan vore høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag. Arbeider no med doktorgrad om “Rett og plikt til å gi opplysningar i barnevernssaker”. Underviser om samtykke til studentar som skal bli barnevernspedagogar og sosionomar.
Katrine Fiskå er avdelingssjukepleiar ved Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund.
Program
- 08.30-09.00: Registrering
- 09.00-09.15: Brukarsperspektivet
- 09.15-12.45: Anne Marie Rogstad om hovudtemaet:
- 09.15 - 10.00:
- Personsentrert demensomsorg
- Kommunikasjon
- Utfordrande adferd
- 09.15 - 10.00:
- 10.15: Pause
- 10.15 - 11. 15: Hovudtemaet held fram
- 11.15 - 12.00: Lunsj
- 12.00 - 12.45: Demensvenleg sjukehus
- 12.45 - 13.00: Pause
- 13.00 - 14.00: Egil Arne Standal om Samtykkevurdering i demensomsorga
- 14.00 - 14.15: Pause
- 14.15 - 15.00: Katrine Fiskå om Underernæring i demensomsorga.