Hurtigvenn

Påmelding
2020-08-20T19:00:00 - 2020-09-01T21:00:00

Bli kjent på kort tid, og kanskje til og med få deg ein venn?
- Om ikkje anna har du vorte kjent med mange nye ansikt! 

Du har kanskje høyrt om "Speedfriending"? Her i Volda vel vi å kalle det "Hurtigvenn"! 
Konseptet er enkelt: Målet er å bli litt kjent med mange folk på kort tid, og kanskje finn du nokon du vil ha meir kontakt med og bli venn med etterpå.
Du treng berre å melde deg på, møte opp, setje deg på ein stol og blir med på leiken. Snacks og spørsmål ordnar vi!

Det er plass til max 20 personar per. gong pga smittevernomsyn. Påmelding er difor naudsynt, og det er fyst til mølla!

Datoar for Hurtigvenn: 
Torsdag 20.08 (påmelding her)
Fredag 21.08 (påmelding her)
Tysdag 25.08 (påmelding her)
Torsdag 27.08 (påmelding her)
Tysdag 01.09 (påmelding her)
Torsdag 03.09 (utsatt)

Klokka 19.00-21.00 

Ved stor interesse kan vi setje opp fleire kveldar. 


Håper vi ser deg der :-)

Helsing Lone og Eli Anne

(Studenthumanist og Studentrådgjevar)

 

 

PS! Du treng ikkje å ta med ein venn, du får ein her ;-)

Hugs også:
⁃ Hald deg heime om du er sjuk.
⁃ Hald minst ein meter avstand til andre.
⁃ Ha god handhygene med grundig og hyppig vask, eller benytt handsprit.

 

 

 

 

Del på