Doktoravhandling: Livsløp i ulendt terreng

Dr. Emmy fremst. Rettleiarane professor Jan Tøssebro, NTNU, heilt til venstre og professor Rune Kvalsund, HVO, heilt til høgre. Mellom desse står medlemmane i kommisjonen: professor Ingeborg Helgeland, OsloMet, professor Christian Wendelborg, NTNU og professor Elisabet Olin, Gøteborgs Universitet, Sverige

Emmy Elizabeth Langøy er med i Gruppe for livsløpsforsking ved Høgskulen i Volda (HVO) og disputerte for doktorgraden 23. november 2018, ved Institutt for sosialt arbeid, NTNU, Trondheim med prøveførelesing og disputas på Tunga campus. Emmy har etter fullført mastergrad i helse- og sosialfag ved HVO, vore stipendiat ved Institutt for sosialfag, Avdeling for Samfunnsfag og Historie (ASH), (HVO) og ved Institutt for sosialt arbeid, NTNU og i 3 år.

Avhandlinga har tittelen Livsløp i ulendt terreng? Tidligere særvilkårselevers ferd mot voksenlivet og byggjer på data frå eit longitudinelt forskingsprosjekt ved ISF/ASH som har vard i meir enn 20 år. Professor Rune Kvalsund, HVO og professor Jan Tøssebro, NTNU har vore rettleiarar i arbeidet med avhandlinga. Avhandlinga er artikkel-basert med to kvantitative og to kvalitative artiklar som alle var publiserte i fagfellevurderte tidsskrift før disputasen:


I. Langøy, Emmy Elizabeth, Rune Kvalsund og Jon Olav Myklebust (2016).
Tilpasning til voksenlivet – samspillet mellom generelle lærevansker,
psykososiale vansker og spesialpedagogiske hjelpetiltak. Tidsskrift for
velferdsforskning, 19 (3), 221-240.

II. Langøy, Emmy Elizabeth og Rune Kvalsund (2018). Vulnerable youth –
dependency or independency? School experiences, transitions and adaptation to
and within adult life. Scandinavian Journal of Disability Research. Vol 20(1): 296-305.

III. Langøy, Emmy Elizabeth (2017). Mellom mestring og avmakt. Faktorer som
påvirker integrasjon i ordinært arbeid hos tidligere særvilkårselever i
videregående skole. Spesialpedagogikk, 82 (5).

IV. Langøy, Emmy Elizabeth (2018). Annerledes er ikke noe man er, det er noe man
blir? Identitetsforhandlinger blant voksne kategorisert med generelle lærevansker
eller psykososiale vansker i videregående skole. Fontene Forskning, 11 (1), 42-55.

 

Avhandlinga omfattar også kappe (120s.) med substansielle, teoretiske, vitskapsteoretiske og metodologiske drøftingar. Artiklane undersøkjer situasjonen for personar som fekk spesialundervisning i vidaregåande skule. Korleis fekk dei unge støtte frå skule og hjelpeapparat til meistring og sjølvstendig liv i utdanningstida og i vaksenlivet etterpå? Dette er viktige spørsmål for dei det gjeld, men det er også viktige samfunnsspørsmål om rettferdig hjelp til kvalifisering for liv i velferdsstaten. Resultata viser at både spesialundervisninga i skulen og tiltak i hjelpeapparatet som NAV, ikkje auka sjansen for sjølvstendig liv, men heller skaper marginalisering og dreg livet mot det å bli avhengig av trygd.

Emmy i GLF HVO
Den akademiske prosesjonen på veg. Kappekledde Lena Augusta Ulfseth leiar disputasen

Data materialet er henta frå ‘Sårbar ungdom’-prosjektet der forskarar har følgt personar som er kategoriserte til å ha generelle lærevanskar eller psyko-sosiale vanskar, frå dei starta vidaregåande opplæring i 1994 og tjue år framover i tid. Fleirtalet av dei unge hadde vanskane i mildare grad, men med rett til individuell tilrettelagd opplæring. Dominerande hjelpetiltak i skulen var opplæring i spesialklasse (utanfor ordinærklassen), ein-til-ein-undervisning eller bruk av assistent/ekstra-lærar. Avhandlinga analyserer korleis kategorisering og hjlepetiltak påverkar risikoen for å bli trygdeavhengig, å bli i ein avhengig bosituasjon (bo i foreldreheimen eller fellesskap i institusjon), eller å mangle fulltidsjobb i tjueårsalderen. Dette er samanlikna med situasjonen til andre tidlegere særvilkårselever i andre vanske-kategoriar.

Med hjelp av logistisk regresjon blir det i dei kvantitative artiklane analysert korleis sentrale hinder og opningar i eit ulendt sosialt landskap påverkar tilpassinga på viktige livsområde. Dei
kvalitative artiklane identifiserer utfyllande individuell variasjon, detaljar og nyansar i val av vegar (men også omvegar og avvegar) mot ein sjølvstendig bu-situasjon, arbeid eller trygd. Resultata viser at personar med psyko-sosiale vanskar og/eller generelle lærevanskar opplever større utfordringar enn andre tidligare særvilkårselevar. Å ha gått i spesialklasse (smågruppe) eller hatt lærarassistent auka risikoen for å bli trygdeavhengig i tjueårsalder, særlig hos menn med psyko-sosiale vanskar. Blant dei tidlegare særvilkårselevane hadde kvinnene generelt høgre risiko for å vere utan fulltidsjobb i tjueårsalderen samanlikna med mennene.


Intervju av 21 personer tjue år etter vidaregåande opplæring viste variasjonar både i korleis personane opplevde skuletida og livssituasjonen som vaksne. Nokre fekk varig fotfeste i ordinært arbeidsliv, medan andre trengde hjelp. Men dei møtte eit lite treffsikkert hjelpeapparat. Kvinnene kunne møte særlege utfordringar i krevjande omsorgsyrke. Skuletiltaka kunne bidra til, eller forsterke, mobbing. Mange hadde psykiske problem i vaksenlivet som dei knytte til mobbing og 'annerledesgjøring' i skuletida. Dei utvikla ulike strategiar for å handtere det å vere annleis, og likevel prøve å passe inn. Men medan særvilkårs-elevane strevde for å bli inkludert i det ‘normale' fellesskapet, sette tiltaka i skulen eller hjelpeapparatet dei i situasjoner der dei risikerte ekskludering. Dilemmaet sto mellom å ta imot hjelp og risikere 'annerledeshet på utstilling', eller å ikkje ta mot hjelp med dei konsekvensane det kan ha for skulegang og tilpassing til arbeidslivet.

Elisabet Olin, begrepsbruk
Doktoranden og førsteopponent professor Elisabet Olin diskuterer begrepsbruk

Disputasen er eit uttrykk kor viktig det er med kritisk prøvd kunnskap i vår tid.