Wenke Mork Rogne har disputert ved UiO
Wenke Mork Rogne disputerte 14.11.2014 for ph.d. - graden ved Universitetet i Oslo med avhandlinga "På sporet av meining. Korleis unge lesarar arbeider med multiple, delvis motstridande tekstar. Ein empirisk mixed-methods-studie av sjuandeklassingar sine strategiske aktivitetar.".
Tittelen på prøveforelesinga over oppgjeve emne for ph.d.-graden var:
Presenter og diskuter et forslag til en intervensjon for å fremme ungdomsskoleelevers forståelse og integrasjon av informasjon fra både trykte og digitale tekster.
Wenke Mork Rogne er tilsett ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Les meir: På heimesida til Universitetet i Oslo finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Wenke Mork Rogne.
Frå venstre: Hovudrettleiar professor Helge Strømsø, UiO, 3. medlem av komiteen, førsteamanuensis Ingvill Rasmussen, UiO, 1. opponent professor Monica Reichenberg, Universitetet i Gøteborg, 2. opponent, førsteamanuenis Anne Mangen, Universitetet i Stavanger og dr. Wenke Mork Rogne. Birettleiar Astrid Roe var ikkje tilstades då biletet vart teke.