Stilla i litteratur og musikk
14.-16. oktober avvikla Forskingsgruppa for litteratur og musikk sitt andre nettverksseminar, denne gongen ved Solstrand Hotell & Bad i Os. Tema for seminaret var stilla i musikk og litteratur.

Tre av seminardeltakarane frå HVO: Magnar Åm (f.v.), Jan Inge Sørbø og Geir Hjorthol, saman med forfattaren Torgeir Rebolledo Pedersen.
14.-16. oktober avvikla Forskingsgruppa for litteratur og musikk sitt andre nettverksseminar, denne gongen ved Solstrand Hotell & Bad i Os. Tema for seminaret var stilla i musikk og litteratur.
Dette vart belyst gjennom innleiingar som i fleire tilfelle var organiserte som dialogar mellom ein forskar og ein kunstnar. Planen er at presentasjonane skal føre fram til ein felles publikasjon.
Forskingsgruppa for litteratur og musikk er sett saman av litteraturforskarar, forfattarar, komponistar og musikararar, ikkje berre frå Høgskulen i Volda. På denne måten prøver ein å bryte ned den tradisjonelle grensa mellom akademisk forsking og den forskinga som skjer gjennom skaping av litteratur og musikk. Kva er då meir naturleg enn at seminardeltakarane også møtest gjennom ein jamsession der dei presenterer kunsten sin gjennom musisering og opplesing.