Søkjarar frå ni nasjonar til stipendiatstillingane

15. april gjekk fristen ut for dei åtte stipendiatstillingane som var lyst ut ved Høgskulen i Volda. Heile 43 søkarar frå ni nasjonar har meldt seg.

Det er søkjarar til alle avdelingane ved høgskulen og mange fagmiljø er representerte i søknadane. Det har vore ei opa utlysing av desse stillingane, noko som er ein ny måte å gjere det på.

Sidan 2013 har 14 stipendiatar ved høgskulen disputert. Frå hausten 2015 tilbyr Høgskulen i Volda i samarbeid med Høgskolen i Molde ph.d.-utdanning i Helse- og sosialfag.

Les meir om forsking ved Høgskulen i Volda

Del på: