Seminar i Forum for livsløpsforsking
Korleis blir vaksenlivet påverka av vanskar i barndom og ungdomstid? Innlegg frå forskingsprosjektet Sårbare unge vaksne.
Det blir innlegg frå tre medarbeidarar i Sårbare unge vaksne, eit longitudinelt forskings-prosjekt som har vore i gang ved Møreforsking og Høgskulen i Volda sidan midt på 1990-talet.
Høgskulelektor Eli Fjeldseth Røys, ASH: Arbeid for unge med særlege opplæringsbehov – tidlege forventningar og seinare livsløpsrealitetar. Narrativ analyse og presentasjon av ei historie.
Høgskulelektor Gerd Skjong, ASH: Vegar frå vidaregåande og inn i vaksenlivet. Narrativ analyse av livsløpet til menn som midt i 30-årsalderen er på NAV-tiltak.
Doktorgradsstipendiat Emmy Langøy, ASH: Hvordan virker utviklingshemming og psykososiale vansker inn på mulighetene for sjølstendig voksenliv?
Forum for livsløpsforsking er ein møteplass for fagfolk som er interesserte i livsløpsteori og lengdesnittsforsking. Seminaret er ope for tilsette, masterstudentar og doktorgradsstudentar ved alle avdelingane på høgskulen.
Ver velkomne til seminaret.
Gruppa for livsløpsforsking ved professor Rune Kvalsund og professor Jon Olav Myklebust.
Tid: Tysdag 5. mai kl. 10.00 - 12.00.
Stad: Aasen 106.