Over 40 prosent auke i forskingspublisering
Høgskulen i Volda har hatt ein formidabel vekst i forskingspublikasjonar det siste året. Marie Nedregotten Sørbø var ein av dei største poengplukkarane for høgskulen i 2014.
Tala for forskingsarbeidet ved høgskulen i 2014 er no klare og dei viser ein veldig positiv utvikling. Frå 2013 til 2014 har utgjeve forskingspublikasjonar frå høgskulen økt med 44,4 prosent, viser tala som er sendt inn og som endar opp hos Kunnskapsdepartementet.
GLEDELEGE TAL
Høgskulen i Volda (HVO) oppnådde i 2014 98,8 publikasjonspoeng, mot 68,8 året før. Publikasjonspoeng er eit uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå, som nyttast i fordelinga av pengar til universitet og høgskular. Då teller vitskaplege artiklar i tidsskrift, vitskaplege artiklar i artikkelsamlingar og vitskaplege bøker.
– Dette er veldig gledelege tal. Vi har aldri hatt ei så sterk auke frå eit år til eit anna før. No er vi oppe på det nivået vi ønskjer å vere på publisering per tilsett. Vi ser at HVO er ein av dei statlige høgskulane som publiserer mest, og det er akkurat der vi skal vere, seier forskingsrådgjevar ved høgskulen, Johann Roppen.
Han meiner det er lagt godt til rette for dei tilsette ved HVO.
– Vi har gode ordningar slik at tilsette kan få forskingsfri, og vi har folk som verkeleg har lyst til å forske, fortsetter Roppen.
Poengsystemet er bygd opp slik at den vitenskaplege artikkelen eller boka kan få frå 0,7 til 8 poeng. Utgjevarane, til dømes forlag, er delt i to nivå som gjer ulike poeng. Er det fleire forfattar vil poenga bli delt likt mellom dei.
PÅ HØGSTE NIVÅ
Marie Nedregotten Sørbø, som er prorektor ved høgskulen, oppnådde høgste mulig poengsum for si bok Irony and Idyll, med undertittelen Jane Austen's Pride and Prejudice and Mansfield Park on Screen, som ho gav ut i fjor. For den forskingsbaserte boka fikk Høgskulen i Volda åtte poeng – betre går det ikkje an å få det.
– Det er stas å vere med å bidra med desse poenga. Men det kjekkaste er å få synleggjere forskinga som går føre seg på Høgskulen i Volda. Vi har blitt nedvurdert av myndigheitene i det siste og det har blitt sagt at vi ikkje har store og gode nok fagmiljø. Men eg opplever fagmiljøa på høgskulen som sterke, seier Nedregotten Sørbø.
Boka hennar, som tek utgangspunkt i Nedregotten Sørbøs doktoravhandling frå 2009, blei gjeven ut på det anerkjente nederlandske forlaget Rodopi. Det forlaget er rangert på det høgste nivået (nivå to) og gir dermed også Volda-forskaren den høgste poengsummen som er mogleg å oppnå.
– Forskarar er meir interessert i innhaldet i forsking enn poenga. Dei blir brukt mest for å fordele pengar til dei ulike høgskulane og universiteta. Difor er det viktig å skaffe mest mulig poeng, men det er aldri det som skal motivere til forsking. Eg var ikkje klar over at eg hadde skaffa åtte poeng, det var det andre som fortalde meg, fortel Nedregotten Sørbø.
MYKJE JOBB
Boka Irony and Idyll tek for seg to romanar av den engelske forfattaren Jane Austen, som levde på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet. Nedregotten Sørbø har sett på korleis romanane har vorte teke i mot.
– Eg er interessert i korleis litteraturen vert lest, forstått og motteken til ulike tider. Jane Austens romanar har vorte forstått av fleire filmskaparar. Og då er det er tydeleg å sjå at filmane er fortolka. Filmane blir ulike sjølv om dei er bygd på same bok.
I tillegg til å ha skreve doktoravhandling om det same temaet, har prorektoren brukt to år på å gjere boka klar. Ein arbeidskrevjande prosess.
– Eg hadde ein britisk forlagskonsulent, ein ordentlig akademikar som hjelpte meg. Forlaget ville i byrjinga at eg skulle kutte ned halvparten av dei 400 sidene eg hadde skreve i doktoravhandlinga, men vi blei einige om å kutte ein fjerdepart. Då las forlagskonsulenten gjennom kapittel for kapittel og kritiserte dei. Det heldt vi på med i eit år. Sjølv om det tok lang tid, er det greitt å vite at det blir skikkelig gjort, seier Nedregotten Sørbø.
UNDERVISING OG FORSKING I LAG
Engelsk litteratur er det ho omtalar som faget sitt. I tillegg til å forske så underviser ho også. Og som prorektor har ho hatt kombinasjonen av dei to arbeidsoppgåvene som ei fanesak for dei fagtilsette ved høgskulen.
– Undervisinga blir så mykje betre om ein også driv med forsking. Sameleis gir undervisinga nye perspektiv til forskinga. Det er ein krevjande kombinasjon å leggje til rett for, men det er mogleg og det har vi vist. Høgskulen i Volda er avhengig av ein god posisjon når det kjem til forsking og utvikling. Det er det som har gjort oss til ein god høgskule, og vi må ikkje sakke på krava framover.