Nye bøker: "Nye guder for hvermann?" og "Vegar i vegløysa?"

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

På denne konferansen fikk noen av aktørene i Aadnanes’ framstilling selv komme til orde med analyser og vurderinger av forholdet mellom kirken og nyreligiøsiteten. Artiklene i boka er reviderte utgaver av konferansebidragene.

00f73cfbf1ebd51015377c373848c51a88c2cc60


Etter en introduksjonsartikkel av Aadnanes tar Notto R. Thelle for seg den nyreligiøse motkulturen; Arild Romarheim analyserer nyåndelige innslag i folkereligiøsiteten; Arne Tord Sveinall diskuterer hva som er sunt og usunt i den alternative spiritualiteten; Lisbeth Mikaelsson viser hvordan spiritualitet også fungerer som salgsvare; Pål Ketil Botvar ser nærmere på alternativreligiøsitetens to hovedformer i dag; Anne Anita Lillebø vurderer den alternative spiritualiteten ut fra et feministisk perspektiv; og Øyvind Solum og Tore Laugerud tar opp forholdet mellom alternativbevegelsen og Den norske kirke.

Utgivelsen er et samarbeid mellom Egede Instituttet og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda

 -------------------------------------------------------

Vegar i vegløysa? Ungdom. identitet og livssynsdanning i det postmoderne.

Vestleg samtidskultur lèt seg framleis prega av postmoderne drag. Det gjeld ikkje minst den kultursfæren som unge menneske tek del i. Det er i ulike utgåver av ungdomskulturen at både religionen og vitskapen sine ”store forteljingar” har tapt aller mest av den tradisjonelle autoriteten sin. Og det er nett i denne kultursfæren dei mange små forteljingane, i form av mediafokuserte og kommersialiserte trendar og tendensar, har funne den beste tumleplassen for døgnflugeliva sine.

9b82b624a48ea3baa93449da009cfdbc62b42e22


Ein ungdomskultur prega av postmoderne vilkår for kommunikasjon og livssynsdanning er ei krevjande utfordring for ei kyrkje som knyter identiteten sin til ein totusenårig tradisjon. For bodskapen hennar er knapt forståeleg i det heile utan i lys av den store forteljinga han spring ut av.

For å kunna møta utfordringane på den arenaen som den samtidige ungdomskulturen representerer, treng kyrkja difor nye omgangar av teologisk og kulturanalytisk refleksjon. Det er slike refleksjonar forfattarane av denne boka ønskjer å bidra til når dei tek opp tema som ungdomsteologi, kontekstualisering, teksttolking, livssynsdanning, populærkultur og ”virtual reality”.

Redaktørane, dosent Jan Ove Ulstein og professor Per M. Aadnanes, er begge tilsette ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Høgskulen i Volda.


Kyrkjefag Profil er ein skriftserie frå Institutt for religon, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.

Tapir akademisk forlag

Del på