Liv Ingrid Aske Håberg har disputert ved UiO

Liv Ingrid Aske Håberg disputerte 17.6.2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo, Institutt for pedagogikk, med avhandlinga "Didaktisk arbeid i barnehagen. Kvalitativ studie av korleis assistenter og barnehagelærarar planlegg, gjennomfører og vurderer samlingsstund og femårsklubb."

Rettleiarar for avhandlinga har vore professor Brit Ulstrup Engelsen, Institutt for pedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo, og professor Liv Gjems, Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

Liv Ingrid Aske Håberg er tilsett ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

På heimesida til Universitetet i Oslo finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Liv Ingrid Aske Håberg.

Del på: