Kolbein Halkjelsvik har disputert ved NTNU

Kolbein Halkjelsvik disputerte 17.11.2015 for ph.d.-graden ved Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet,
Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, med avhandlinga «Legitimate Leadership Functions in Partnership Development Processes».


c9acde280412ba34ea4a41426b3e5743

Denne aksjonsforskingsstudien set fokus på kor viktig det er at legitime leiarskapsfunksjonar fungerer for at utvikling av partnarskap skal lukkast. Problemstillinga for forskingsprosjektet er: Kva er legitime leiarskapsfunksjonar i utviklinga av partnarskap mellom offentleg-, frivillig- og privat sektor i regional planlegging og utvikling? Gjennom 9 år følgjer forskingsprosjektet forsøka på å legitimere leiarskapsfunksjonane i ein definert partnarskapsutviklingsprosess mellom aktørar frå offentleg-, privat- og frivillig sektor. Heilt konkret så var utgangspunktet for partnarskapen behovet for å fornye og utvikle eit kulturhus lokalisert i ein tettstad/småby på Vestlandet i Norge. Partnarskapen vaks mykje og vart svært omfattande etter som åra gjekk. Heile vegen vart aksjonsforskinga si utfordring å halde oppe, eller å re-etablere, legitimiteten til leiarskapsfunksjonane parallelt med at prosjektet sin kompleksitet vaks. Til slutt, etter nesten 10 år med gjentekne lokalt initierte forsøk på fullføring, så mislukkast partnarskapen med å nå måla sine og det heile vart avslutta.

Teoretisk sett er analysen av leiarskapsfunksjonane i denne komplekse, langvarige prosessen, basert på perspektiv frå planleggingsteori, leiarskapsteori og partnarskapsteori. Gjennom aktuell litteratur er fire forskingsfaktorar utvalde: aktørar, relasjonar, strukturar og formalitetsnivå. Desse fire forskingsfaktorane er analyserte gjennom tre ulike utviklingsperiodar som partnarskapen gjekk gjennom: 1. Initieringsperioden / Den strategiske partnarskapsperioden, 2. Perioden med mange vendepunkt / Den taktiske partnarskapsperioden og 3. Selskapsperioden/ Den operasjonelle partnarskapsperioden. Desse fire forskingsfaktorane og tre utviklingsperiodane er så gitt analytiske rammer gjennom fire institusjonelle pillarar som speglar av både kompleksiteten knytt til legitimeringa av leiarskapsfunksjonane og kompleksiteten i sjølve partnarskapsprosjektet.

Legitime leiarskapsfunksjonar vart utfordra både frå omgivnadene gjennom ein svært sterk lokalpolitisk posisjonert opposisjon, og innanfrå representert ved dei sentrale aktørane si eiga oppvurdering av, og tru på, sentrale formelle strukturar og vedtak. Den mislukka måloppnåinga avslørte behov for å rekonfigurere  aksjonsforsking si tilnærming til, og handtering av, sterk opposisjon og politiske realitetar, t.d. når ordinære demokratiske val medfører ei grunnleggjande endring av allereie etablerte legitime leiarskapsfunksjonar i utviklinga av slike langvarige partnarskapsprosjekt.

Rettleiarar for avhandlinga har vore professor Morten Levin, NTNU, professor Roar Amdam, Høgskulen i Volda, og professor Ann Martin, Cornell University.

Kolbein Halkjelsvik er tilsett ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

På heimesida til NTNU finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Kolbein Halkjelsvik.

Del på: