Katrin Lunde har disputert ved NTNU
Katrin Lunde disputerte 16.10.2015 for graden doctor philosophiae (dr.philos.) ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet, Det humanistiske fakultetet, med avhandlinga "Zur Frage der syntaktischen Gleichartigkeit von Konjunkten".
Katrin Lunde (i midten) disputerte ved NTNU. Foto: NTNU
Emnet for avhandlinga er koordinasjon under setningsnivå i tysk, nærare bestemt spørsmålet om i kva grad koordinerte ledd har same syntaktiske funksjon. Språkvitskapleg teori har på dette punktet ikkje vore i samsvar med det som røynleg finst i språket. Framlegget som i avhandlinga blir presentert som svar på dette spørsmålet, byggjer på nyare innsikter i kognitiv psykologi om at språklege uttrykk viser til mentale modellar eller persept som eksisterer i eit mentalt eller konseptuelt rom – med dei vidtrekkjande konsekvensar dette har for modellering av meining, og for forståinga av språkstrukturar.
Katrin Lunde er tilsett ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.
På heimesida til NTNU finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Katrin Lunde.