Informasjonsmøte om utlyste ph.d.-stillingar
Høgskulen i Volda har lyst ut heile åtte stipendiatstillingar samtidig, to på kvar av avdelingane ved Høgskulen. Onsdag 22. mai vart det halde informasjonsmøte for moglege søkjarar på stillingane og for fagmiljøet rundt dei framtidige stipendiatane.
Møtet var ope for alle og blei halde i Store Auditorium i Berte Kanutte huset, onsdag 22. mai.
Tema på møtet var korleis ein skal skrive ph.d.-søknad, korleis det er å arbeide som stipendiat på HVO og HVO som forskingsinstitusjon.
Representantar for alle dei aktuelle fagmiljøa som skal ta i mot stipendiatane var representerte på møtet, både for å bli orientert og for å svare på spørsmål om sitt forskingsmiljø.
Om du ønskjer å få tilsendt presentasjonane som vart gjevne på møtet så send e-post til: [email protected]
Køyreplan
10.00: Velkomen ved rektor
10.10: Frå 0 til 100 på 20 år. Eit overblikk over doktorgradsprosjekt ved HVO – v/Johann Roppen
10.20: Korleis skrive ein god ph.d.-søknad? – v/Jan Inge Sørbø
10.40: Spørsmål/diskusjon
10.50: Frå bachelor til bacalao-doktor. Mitt doktorgradsprosjekt – v/Trudi H. Eikrem
11.10: Spørsmål og diskusjon
11.20: Høgskulen og Universitetet, stipendiat og rettleiar – v/Peder Haug
11.40: Spørsmål/diskusjon
11.50: Stipendiatmiljøet ved HVO - v/Kjartan Leer-Salvesen
Om innleiarane
Peder Haug er professor i pedagogikk ved Avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Jan Inge Sørbø er professor i vitskapsteori ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
Trudi H. Eikrem er stipendiat i historie og skriv på ei avhandling om norsk eksport av klippfisk.
Kjartan Leer-Salvesen er representant for stipendiatforeninga ved Høgskulen i Volda.
Johann Roppen er FoU-rådgivar ved Høgskulen i Volda.