Håper på tettare samarbeid
Forskingssjef ved Høgskulen i Volda, Henriette Hafsaas, fekk med seg historikarane Ola Teige og Harald Krøvel på ei interessant og lærerik omvising på utgravingsfeltet på Ose i Ørsta.

Forskingssjef ved Høgskulen i Volda, Henriette Hafsaas, fekk med seg historikarane Ola Teige og Harald Krøvel på ei interessant og lærerik omvising på utgravingsfeltet på Ose i Ørsta.
Prosjektleiar Søren Diinhoff ved Universitetsmuseet i Bergen viste fram stolpehola frå det mykje omtala gudehovet, som truleg er frå vikingtida og unikt i Norge, men det var også mange andre spor frå busetnad på staden.
– Vi håper på tettare samarbeid med Universitetsmuseet framover om kulturarv og formidling, seier forskingssjef Hafsaas.
Søren Diinhoff vart invitert til å presentere funnet fra utgravingsfeltet på Ose på Høgskulen i Volda når etterarbeid og analyser er klare.