Forskingdagane: Ung på Sunnmøre 2014

Ein ny og utvida rapport under prosjektet "Ung på Sunnmøre" vart lagt fram under eit arrangement under HVOs forskingsdagar lagt til Herøy 23. september.

Rapporten er gratis tilgjengeleg på nettsidene til Høgskulen i Volda.

Funn frå rapporten gir same hovudinntrykk som i landet elles: Dagens ungdom er i stor grad veltilpassa, er gjerne heime hos foreldra og er pliktoppfyllande når det gjeld skulearbeid. Men den psykiske helsa - særleg blant unge jenter - gjev grunn til uro. Også i Herøy kommune og på resten av Søre Sunnmøre.

I presentasjonen i Herøy vart det lagt særleg vekt på forhold i Herøy kommune. Tala frå UNGDATA tyder på at ungdom i Herøy har eit godt og nært forhold til foreldra sine - i større grad enn i mange av nabokommunane. Vidare syner tala at ungdom i Herøy er dei som er mest aktive innanfor kulturlivet, og minst aktive innanfor idrett og friluftsliv - igjen samanlikna med nabokommunane. Det er også tal som kan tyde på at det er lettare å få tak i cannabis i Herøy og nabokommunane enn i Ørsta og Volda.

Rapporten vart lagt fram for leiarar i Herøy kommune og også presentert på eit ope møte på Herøy kulturhus der det møtte opp både politikarar, representantar frå idretten og andre interesserte.

Del på: