Forskarskule-satsing får 23 millionar kroner
Norges forskningsråd har vald Forskerskolen RVS, som Høgskulen i Volda er ein del av, som ein av sju nye nasjonale forskarskular som får 23 millionar kroner over åtte år.
Anders Aschim, professor i religion, livssyn og kyrkjefag ved HVO.
Forskerskolen RVS (religion, values, society) er eit ledd i forskarutdanninga for forskarar som er på veg mot ein doktorgrad innanfor religion, etikk og samfunn. Forskarskulen skal vere eit supplement til ph.d.-programmet forskaren allereie er i gang med.
Den vert drive av medlemsinstitusjonane, der Høgskulen i Volda (HVO) er éin av dei. Menighetsfakultetet, Diakonhjemmet, Misjonshøgskulen, Universitetet i Agder, Høgskulen i Volda, Universitetet i Oslo, Umeå universitet i Sverige har tidlegare vore dei andre institusjonane. Men no har også NTNU, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø og Uppsala Universitet i Sverige og Boston University i USA også kome med som faste partnarar.
– Denne tildelinga gir oss eit heilt anna spelerom enn det me har hatt i arbeidet vårt så langt, seier prosjektleiar Geir Afdal, som òg skreiv søknaden for denne tildelinga.
– Dette vil hjelpe oss i arbeidet vårt for å bringe saman og knytte kontaktar mellom forskarar som arbeider empirisk med religion, verdiar og samfunn i Norge, og utanfor. Denne forskinga vert no gjort ved mange ulike institusjonar, ofte i relativt små miljø, og me er og vil vere derfor ein viktig reiskap for å samle desse forskarane i nasjonale og internasjonale nettverk, held Afdal fram.
Heilt nye mogelegheiter for HVO
Anders Aschim, professor i religion, livssyn og kyrkjefag ved HVO, meiner dei 23 millionar kronene vil få stor betyding for HVO.
– Dette gir oss heilt nye mogelegheiter. Vi i forskarmiljøet på religionsvitskap i Volda har avgrensa kapasitet, difor er det ein klar fordel om stipendiatar og andre tilsette i større grad kan nytte seg av tilboda frå forskarskulen. Noko av problemet vårt tidlegare, har vore at det har kosta for mykje med reise og opphald til kurs og arrangement i regi av forskarskulen. Det blir nok enklare no, seier Aschim, før han legg til at tilsette ved HVO tidlegare har teke del i enkeltkurs gjennom forskarskulen.
Forskarskulen tek opp ph.d.-stipendiatar som medlemmar, og gir dei mellom anna kurs og oppfølging av prosjektet deira. I dag er talet på stipendiatar 30, men med dei nye midlane satsar ein på å auke talet til 50. HVO har aldri hatt stipendiatar som har vore ein del av forskarskulen. Det trur Aschim det kan bli ei endring i no.
– Vi håper det kan vere eit konkurransefortrinn, og eit godt middel til å lokke nye stipendiatar til Volda. Men denne tildelinga vil også vere ein fordel for dei som allereie er tilsett, og er i gang med å ta ein doktorgrad, fortel Aschim.
Større og betre
Det nye prosjektet heiter The national interdisciplinary Research School Religion-Values-Society og startar opp frå og med 1.1.2016. Den nye RVS byggjer på profilen og aktivitetane som allereie er etablerte i den noverande RVS, men tildelinga opnar for meir aktivitet og nærare samarbeid.
RVS sin noverande struktur, med haust- og vårkurs og sommarskule i august, står fast som ryggraden òg i det nye prosjektet, men no med ressursar til å hente inn fleire fagfolk og internasjonale forskarar. Samstundes vert programmet utvida til å òg innehalde eit årleg ph.d.-seminar for presentasjonar og tilbakemeldingar til ph.d.-prosjekt, faste gruppeseminar på nett og eit seminar ved Boston University annakvart år.
– Stipendiatane vil oppleve ei mykje meir omfattande og ikkje minst betre oppfølging av dei og deira prosjekt, og dei vil få delta mykje meir aktivt i nasjonale og internasjonale nettverk, fortel Afdal.
– Og ein annan tydeleg fordel, er at deltakarane no får kursa og møta dekka gjennom forskarskulen. Men dette tyder samstundes at eit medlemskap i RVS no, vil bety ei større forplikting og eit krav om større og meir jamn deltaking enn det som har vore praksis til no, avsluttar Afdal.