Fin auke for Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

For bachelorgradsutdanningane er det jamn god søking – fin auke (over 10 %) for allmennlærarutdanning og idrett og friluftsliv. Høgskulen har eit breitt tilbod av årsstudium, og spesielt historiefaget har ein stor auke i søkjartal. Prognosen tilseier at vi kjem til å ha omlag 200 historie-studentar til hausten.

e78b9caeafea8fa849739af200adff9056ddef91
Rektor Jørgen Amdam er godt nøgd med auken i søkjartal i samordna opptak. (Foto: Iris Engen Skadal)

Ventelister
Det har vore spesielt god søking til alle mediefaga: media, IKT og design, informasjon og media, mediekunnskap og journalistikk, studium innan idrett og friluftsliv, mastergrad i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering og mastergrad i spesialpedagogikk. Til desse studieprogramma har vi søkjarar på venteliste.

Fin auke på profesjonsretta mastergradsutdanningar
Det er god svarprosent på dei profesjonsretta mastergradsutdanningane: samfunnsplanlegging og leiing, helse- og sosialfag, spesialpedagogikk og dei ulike vidareutdanningane på mastergradsnivå; rus, skuleleiing og leiing.

 – Desse studia eignar seg godt for deltidsstudentar, og det ser ut som at vi har truffe eit behov med denne organiseringa. Totalt vil vi ha mellom 300-400 mastergradsstudentar til hausten, seier Amdam.

Stor interesse for Restetorget
På Restetorget vart det raskt fylt opp med søkjarar til dei viktige profesjonsutdanningane i sosialt arbeid: sosionom og barnevernspedagog, samt førskulelærarutdanning.

– Oppfyllinga til allmennlærar kunne vore betre sett i forhold til det søkjartalet skapte av forventingar, men her ser det ut som at ikkje alle søkjarane har vore klar over karakterkrava. Det var fleire som ikkje vart kvalifiserte til studiet på grunn av desse krava, og dermed færre som fekk tilbod enn vi forventa. Eg understrekar at karakterkravet i seg sjølv er positivt, seier opptaksansvarleg Ragne Ørstavik Sørheim.

Det er framleis nokre dagar igjen med opptak, og samla sett er HVO godt nøgd med auken i søkjartal i samordna opptak.

– Vi har framleis ein del ledige plassar ute på Restetorget, og særleg er det no deltidsstudium på nett eller med samlingar som har meir kapasitet. Etter at Restetorget opna (både lokalt og i Samordna), har over 400 personar meldt si interesse for ein studieplass hos oss. Det er vi godt nøgde med, seier Ørstavik Sørheim.

Del på