Likskap i sikte

Tara Sapkota.
Tara Sapkota er stipendiat ved HVO. Ho jobbar med ei ph.d.-avhandling om blant anna samarbeidet som høgare utdanningsinstitusjonar og skular har om kompetanseheving for lærarar gjennom den nasjonale satsinga DeKomp.

Bakgrunn for prosjektet 

Høgskulen i Volda (HVO) har gjennom prosjektet Equality in sight fått midlar frå Forskingsrådet til arbeid med å oppnå betre kjønnsbalanse og meir mangfald ved HVO. Formålet med prosjektet er at fleire kvinnelege tilsette skal oppnå opprykk til første- og toppkompetanse gjennom støtte til og målretta arbeid med vitskapleg publisering og søknadar om eksterne forskingsmidlar. I tillegg skal arbeidet bidra til å i større grad setje mangfald på agendaen ved tilsettingar og rekruttering (Equality in sight, 2024). Det kan bidra til å synleggjere verdiane av kjønnsbalanse og mangfald i organisasjonen.

Kjønnsbalanse og mangfald i akademia er eit viktig arbeid i UH-sektoren og er basert på prinsipp om likestilling, demokratiske ideal, nasjonale mål og kvalitet i forskinga (Kifinfo, u.å). Statistikken viser at HVO må arbeide meir målretta for kjønnsbalanse gjennom heile forskarkarrieren til dei tilsette. Vi må få fleire kvinner til å klatre på karrierestigen, både høgskulelektorar, stipendiatar og dei som har førstekompetanse. Vi må arbeide for å rekruttere inn det underrepresenterte kjønn i fagmiljøa og vere meir medvitne om å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn. 

Mål og leveransar i løpet av prosjektperioden 

  • Minst ti kvinner skal oppnå opprykk til førstekompetanse – fortrinnsvis førstelektor.  
  • Minst fem kvinner skal oppnå opprykk til toppkompetanse – professor og dosent. 
  • Kvinner skal stå for ca. 50 prosent av forfattarandelane ved vitskaplege publikasjonar i 2024 og 2025.  
  • HVO skal redusere prosentdelen kvinnelege høgskulelektorar gjennom kompetanseheving. 
  • Halvparten av søknadane til Forskingsrådet skal ha kvinnelege prosjektleiarar.   
  • Auke synleggjeringa av mangfald på nettsidene til Høgskulen i Volda. 

For meir informasjon om Norsk forskningsråd sitt arbeid med kjønnsbalanse i forsking og akademia sjå: https://www.forskningsradet.no/sok-om-finansiering/midler-fra-forskningsradet/balanse/