Tverrprofesjonelt samarbeid

 

Formål

Forskargruppa er eit samlingspunkt for forskarar med interesse for å utvikle forskingsbasert kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid på område som er relevante for helse- og sosialfagleg arbeid. Gruppa er ei av to forskingsgrupper som er oppretta for å støtte opp om det felles doktorgradsprogrammet mellom Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda: «Profesjonsutøving - vilkår og utvikling» Gruppa har som føremål å utvikle forskingsbasert kunnskap som kan kome til nytte i forsking, undervisning, formidling og praksis. I praksis handlar dette om å støtte medlemmene i arbeidet med å utvikle prosjekt, finne samarbeidspartar, skaffe midlar, gjennomføre prosjekt og publisere denne.

 

Medlemmer

Interne medlemmer:  Roar Stokken (leiar) -  Bente Hasle -  Knut Hunnes -  Betina Haug Olson -  Torhild Høydalsvik

Medlemmer ved HiM:  Atle Ødegård (leiar) -  Siv Elin Nord Sæbjørnsen -  Hans Petter Iversen -  Helene Hoemsnes -  Erlend Vik

 

Aktivitetar

Gruppa samlast fire dagar i året. Fokuset ligg på både det å bygge forskingskompetanse og bidra til forsking og forskingsformidling. Faglege diskusjonar som støttar opp om nasjonale og internasjonale forskingspublikasjonar vert særleg vektlagt.

Møta i gruppa har i regelen to komponentar:

1) Fagleg innlegg med brei fagleg eller metodisk nytteverdi frå medlemmer eller innhenta ekspertar.

2) Presentasjon av og respons på medlemmene sine skriftlege arbeid i ulike stadium av forskingsprosessen. Dette strekkjer seg frå presentasjon av forskingsidear, via respons på teoretiske vinklar og analysestrategi til paper som er snart ferdige.

 

Prosjekt

Gruppa er til ei kvar tid involvert i ulike publiseringsprosjekt.

 

Link til gruppa på Høgskulen i Molde sine sider

Bloggen vår.