Tidleg litterasitet/literacy i barnehage og skule
Formål
Med utgangspunkt i faga norsk, pedagogikk, drama og matkultur og helse er denne forskingsgruppa opptatt av korleis arbeid med tidleg litterasitet kjem til uttrykk i barnehage og skule, og korleis barn utforskar språk og tekst i og utanfor institusjonane. Early literacy omhandlar det språklege arbeidet som blir lagt i perioden frå fødsel til åtte år og inneber prosessar der barn tileignar seg både eit impressivt og ekspressivt vokabular. Det inneber også kunnskapar og ferdigheiter som ligg til grunn for at barna skal lykkast med å lære å lese og skrive. I våre forskingsprosjekt er både pedagogar, barnehagebarn og elevar informantar.
Based on the subjects Norwegian, pedagogy, drama and food culture and health, this research group focus on how work with early literacy is expressed in kindergarten and school, and how children explore language and text in and outside the institutions. Early literacy deals with the work that is done in the period from birth to eight years and involves processes in which children acquire both an impressive and expressive vocabulary. It also involves knowledge and skills that are basis for children to succeed, in learning to read and write. In our research projects, both teachers, kindergarten children and school pupils are informants
Medlemer
Liv Ingrid Aske Håberg (leiar), førsteamanuensis, Institutt for pedagogikk
Gudrun Kløve Juuhl (leiar), førsteamanuensis, Institutt for språk og litteratur
Monica Gjelsten, høgskulelektor, Institutt for språk og litteratur
Kari Ryslett, førstelektor, Institutt for realfag
Ingrid Løvik Saure, høgskulelektor, Institutt for språk og litteratur
Hege Holmqvist Synnes, høgskulelektor, Institutt for teater
Anne Marta Vinsrygg Vadstein, høgskulelektor/stipendiat, Nynorsksenteret
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, høgskulelektor/stipendiat, Nynorsksenteret / Institutt for språk og litteratur
Hildegunn Hovde, høgskulelektor, Institutt for musikk/Nynorsksenteret
Øystein Salhus, førstelektor, institutt for musikk
Anniken Eidsvik, fullmektig, Institutt for pedagogikk
Beate Farstad, høgskulelektor, Institutt for pedagogikk
Berit Huse, høgskulelektor, Institutt for pedagogikk
Eivor Finset Spilling, førsteamanuensis, Institutt for språk og litteratur
Aktiviteter
Forskargruppa møtest om lag tre gongar pr. semester og har manuskriptseminar, der nye og erfarne forskarar legg fram forskingsarbeid og artikkelutkast som er undervegs. Vi arrangerer også seminar med eksterne føredragshaldarar. Vi initierer forskingsprosjekt i samarbeid mellom alle eller nokre av medlemene i forskingsgruppa og deltek på konferansar.
Prosjekt
Alle i forskingsgruppa har undervisningsansvar i lærarutdanningar. Forskingsgruppa er såleis opptatt av korleis styrke arbeid med tidleg litterasitet både overfor studentar og overfor praksisfeltet.
Digitale bildebøker i eit skriftspråkperspektiv. Om korleis digitale bildebøker kan støtte 3–4- åringar sin literacykompetanse. (Ph.d. 2021–2026 i prosjektet SPrELL, Norges Forskningsråd) – Anne Marta V. Vadstein.
Samiske perspektiv i barnehagen (2022) – Kari Ryslett og Liv Ingrid Aske Håberg
Drama i barnehagen (2022) – Hege Holmqvist Synnes og Liv Ingrid Aske Håberg
Skriftkvardagen til femåringane (2018-2020) – Gudrun Kløve Juuhl
Frå bok til meir leik (2019-2021) – Hege Holmqvist Synnes og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Literacypraksisar i begynnaropplæringa: Ein studie av undervisningskvalitet med og utan nettbrett (PhD 2019-2024 i prosjektet DigiHand (Norges Forskningsråd) – Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Ideal og praksis i barnehagens kvardagsliv (2020-2021) – Kari Ryslett og Liv Ingrid Aske Håberg