Psykisk helse og meistring i eit endrings- og utviklingsperspektiv
Felles fagdag i psykiatri
Sjustjerna Helse og omsorg, Helse Møre og Romsdal HF og Høgskulen i Volda inviterer til felles fagdag i psykiatri onsdag 11. april. Målgrupper for fagdagen er fagpersonell som jobbar med psykisk helse og meistring i kommunar og helseforetak, samt tilsette ved NAV-kontor i regionen.
Hovudtema:
- Folkehelseutfordringar for Sjustjernekommunane og Helse MR
- Modellar for god samhandling og oppgåveløysing
- Kvar lukkast vi og kvar må vi forbetre oss?
- Ver med på å utforme framtidig psykisk helsevern på Sunnmøre
Det blir søkt om teljande kuspoeng for aktuelle faggrupper.
Deltakaravgift:
Fagdagen kostar kr 350,- per person, og inkluderer kursavgift, pausemat og varm lunsj.
Program
Last ned programmet som pdf-fil
8.30: | Velkomen |
Jens Standal Groven, prorektor ved Høgskulen i Volda. | |
8.45-9.00: | Brukarperspektivet |
Brukar-/pårøranderepresentant | |
9.00-9.45: | Kva utfordringar har vi i kommunene i dag? |
Miljøterapeut Geir Sæter, Stabsleiar tildeling og koordinering Oddvar Marøy og kommuneoverlege Arne Gotteberg | |
9.45-10.30: | Korleis skal vi lukkast med god samhandling med dei ambulante teama våre? |
Einingsleiarar for ambulante team: Ottar Røyset og Jo Volle, Ambulant seksjon Søre Sunnmøre | |
10.30-10.45: | Pause |
10.45-11.15: | Organisering av tenestene i kommunane. Vidareutvikling av gode samhandlingsmodellar. |
Svanhild Rise, leiar seksjon psykisk helse i Herøy kommune og Stian Endresen, fastlege og praksiskonsulent | |
11.15-12.00: | Sjukehuspsykiatrien ved Helse Møre og Romsdal HF. Ålesund sjukehus. Korleis skape god samhandling og gode overgangar? |
Karl-Arne Remvik, klinikksjef ved Klinikk for psykisk helse | |
12.00-13.00: | Varm lunsj |
13.00-13.30: | Tverretatleg samhandling når barn og unge er pårørande - utfordringar og mulegheiter |
Bente Hasle, Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda | |
13.30-14.00: | Poliklinikk og sengepost ved Helse Møre og Romsdal HF. DPS Volda Sjukehus |
Grete Ryste Flåskjær, seksjonsleiar og Tov Are Lia, overlege, DPS Volda sjukehus | |
14.00-15.00: | Debatt der aktørar vert utfordra til å kome med eitt endringsframlegg for å betre samhandlinga rundt personar med psykiske helseplager (3 minutt kvar):
Ordskifte |
15.00-15.15: | Konklusjon: Kva endringar må til for å skape god ”psykisk folkehelse på Søre Sunnmøre” for at innbyggjarane meistrar sine helseplager på ein best muleg måte? |
Kommuneoverlege Arne Gotteberg. |
Foredragshaldarar
Arne Gotteberg | |
Arne Gotteberg er kommuneoverlege i Volda og Ørsta kommunar. Han har sidan 1990 vore aktivt med i utviklinga av Folkehelsearbeidet i Volda og har gjennom sitt verv som styremedlem i ”Sunne kommuner – WHO’s norske nettverk” også fått vore med å utvikle nasjonal folkehelsepolitikk gjennom plandokument og sentrale prosessar på området og innspel til Folkehelseloven (2012) | |
Oddvar Marøy | |
Oddvar Marøy er stabsleiar ved Tildeling- og koordineringsstab i Ørsta kommune. Han er utdanna sjukepleiar og diakon med tilleggsutdanning innan leiing, helserett og helse i plan. Marøy har administrativ leiarerfaring frå 1987 innan pleie og omsorg, og var helse- og sosialsjef 2008-2011. Fokus no er forvaltning, tildeling og koordinering av helse- og omsorgstenester, plan- og folkehelsearbeid. | |
Svanhild Rise | |
Svanhild Rise er seksjonsleiar ved Teneste for psykisk helse i Herøy kommune. Ho er sjukepleiar med vidareutdanning i Rettleiingspedagogikk og Psykisk helsearbeid. Ho har det meste av yrkeserfaringa si frå kommunal teneste. Rise har hatt praksis i vaksen-psykiatrisk avdeling SSMR, og har arbeidd i to år på sengeposten ved Volda DPS . | |
Grete Ryste Flåskjær | |
Grete Ryste Flåskjer har dei siste fire åra vore seksjonsleiar ved DPS Volda døgnseksjon. Ho har tidlegare erfaring i DPS som teamleiar, sosialkonsulent og fagkonsulent i poliklinikk. Flåskjer er utdanna sosionom med videreutdanning i rus og leiing og personalutvikling. Ho har i tillegg eit toårig studium i planlegging og administrasjon. Ho har også jobba i barnevernet og i rusomsorga i kommunen. | |
Bente Hasle | |
Bente Hasle jobbar som førsteamanuensis i sosialfag på sosialarbeiderutdanninga på Høgskulen i Volda. Ho er utdanna barnevernspedagog med en mastergrad i spesialpedagogikk og doktorgrad i tverrfagleg barneforsking. Hennar primære faglege interesse er tilhøve rundt barn og unge med ulike livsutfordringar og familiane deira. I innlegget vil ho sjå nærare på behovet for tverrprofesjonelt samarbeid rundt barn som pårørande til personar med psykiske lidingar. | |
Ottar Eiksund Røyset | |
Ottar Eiksund Røyset vart utdanna sjukepleiar i 2003 og har vidareutdanning innan paramedic og helse- og sosialleiing. Ottar kjem frå ambulanseyrket han har jobba med sidan 2007. Han har vore stasjonsleiar for Geiranger, Sande og Herøy ambulanse, men har dei siste fire åra vore tilsett som ambulansearbeidar i Hareid og Ulstein ambulanse. Ottar er ny for klinikken psykisk helse og rus, men tek fatt på oppgåvene i ambulante tenester med friskt mot, i tillegg til å ha eit godt team rundt seg som set pasienten i sentrum. | |