SKR302 Vitskapsteori og metode
Ingen
Vitskapsteori er systematiske studiar av vitskapleg tenking, kunnskap og verksemd. I dette emnet er merksemda særleg retta mot dei delane av vitskapsteorien som knyter seg til humaniora og samfunnsvitskap. Sentralt står problemstillingar som oppstår når språk, skrift og tekst skal forståast som kulturelle fenomen og emnet vil gje innsyn i nokre utvalde teoretiske og metodiske tilnærmingar som er aktuelle i denne samanhengen. Emnet gjer studentane i stand til å analysere vesentlege føresetnader både for eiga og andre si forsking på skriftkulturar, samstundes som det gjev innsikt i meir generelle vitskapsteoretiske problemstillingar. Gjennom samanlikning med naturvitskap får studentane utvida perspektiv på grunnproblem som kjenneteiknar forsking innanfor humaniora og samfunnsvitskap.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har god innsikt i ulike vitskapsteoretiske perspektiv og i vitskapsteoretiske omgrep og standardar
- har inngåande kunnskapar om vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar innanfor humaniora og samfunnsvitskap
- har inngåande kunnskap om eit utval teoretiske og metodiske innfallsvinklar frå språkleg funderte fag og disiplinar innanfor humaniora og samfunnsvitskap som er relevante for forsking på skriftkulturar
- har god innsikt i forskingsetiske problem innanfor humaniora og samfunnsvitskap og korleis slike utfordringar kan handsamast
Kandidaten
- kan vurdere og diskutere vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar i språk-, tekst- og skriftkulturforsking
- kan gjere grunngjevne val av relevante teoriar og metodar for forsking på skriftkulturar
Kandidaten
- kan analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og skriftleg på norsk eller engelsk
- kan byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
- kan skrive klar og presis akademisk sakprosa
I emnet blir det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og individuell rettleiing. Undervisninga er organisert som samlingar. Den første todagarssamlinga er fysisk ved Høgskulen i Volda, og frammøte til denne er obligatorisk. Dei andre samlingane vil vere digitale. For å oppnå interaktiv læring mellom samlingane, kommuniserer vi med studentane via læringsplattforma Canvas, der vi legg ut fagstoff, oppgåver og liknande.
Frammøtekrav:
Det er krav om 75 % frammøte til all fysisk undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6. Den digitale undervisninga er ikkje obligatorisk, men vi rår sterkt til at studenten møter godt budd til all undervisning.
Arbeidskrav:
Studentane skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på norsk eller engelsk. Arbeidskrava dannar grunnlag for ein munnleg eksamenspresentasjon. Studentane skal innan ein fastsett frist levere inn problemstilling(ar) for eksamensføredraget, som skal godkjennast av faglærar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Skriftkulturar - master
- Skriftkulturar - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Presentasjon | Individuell | 20 minutt | Stått eller ikkje stått | 100 | Studenten skal halde eit føredrag om problemstilling(ar) knytt til emnet. Føredraget skal haldast på norsk eller engelsk. |