Vi har fått nytt utlånssystem!
Biblioteket har brukt sommaren til å legge om utlånssystemet frå strekkoder til radiobrikker. Det har vore ein stor sjau, men vi har kome godt i mål. Nokre barnesjukdommar må vi rekne med, men alt i alt trur vi det skal fungere godt.
Som lånar i biblioteket vil du først og fremst merke skilnad i forhold til tidlegare ved at vi har fått ny og effektiv utlånsautomat (sjølvbeteningsautomat). Vi tippar at dei aller fleste vil vere automatfrelste etter første forsøk!
Etter å ha vore nokså utilgjengelege sidan jonsok, har vi no opna dørene igjen. Vel møtt til eit nytt semester!