Utdeling av Fou-prisen 2010
FoU-prisen ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda går i år til professor Tor-Johan Ekeland ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Prisen vert delt ut i biblioteket fredag 24. september kl. 11. Alle er hjarteleg velkomne! I samband med utdelinga har biblioteket laga til ei lita utstilling som viser arbeidet til Ekeland.