Storstilt feiring av Nasjonal bibliotekdag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

fd0b012c2703f48aa8e09cf909c42441

Nasjonal Bibliotekdag skal løfte fram alle typar bibliotek over heile landet. Dette gjelder alt frå små skulebibliotek til Nasjonalbiblioteket – frå heildigitale bibliotek til bokkassa i barnehagen. Dagen vert markert i folkebibliotek, skulebibliotek, fagbibliotek og mobile bibliotek. Initiativtakar er Norsk Bibliotekforening, og leiaren for Norsk bibliotekforeining, Mariann Schjeide, besøker i år biblioteket ved Høgskulen i Volda og held opningstale klokka 12.00.

– Det er ei stor ære å få Mariann Schjeide hit, og det er med på å kaste glans over dagen. Ho har vore student her tidligare og tok sjølv initiativ til å komme til oss, seier bibliotekleiar ved høgskulen, Henriette Hafsaas Tsakos.

Ho ønsker at så mange som mulig tek turen innom biblioteket torsdag.

– Vi har sett saman eit program der det skal vere noe for alle aldersgrupper. Fagbiblioteket skal vere viktig både for studiekvaliteten og som ein del av infrastrukturen for forsking og formidling. Eg håper difor at folk tek turen innom og viser at dei set pris på biblioteket, seier Hafsaas Tsakos. 

Program for dagen på biblioteket ved Høgskulen i Volda 1. september:

Kl. 12.00: Opningstale ved leiar for Norsk bibliotekforening, Mariann Schjeide.

Kl. 12.15-13.00: Lunsjforedraget «Gullgraving i nynorsk litteratur» av professor Jan Inge Sørbø.

Jan Inge Sørbø skriv "Nynorsk litteraturhistorie" for Samlaget.

Kl. 18.00-18.30: Barneteaterforestillinga «Snøhumla Mille» ved Janne Marit Øye (forfattar & forteljar) og Marit Torgersen (dukketeater).

Janne Marit Øye jobbar som konsulent ved biblioteket og har også suksess som barnebokforfattar.

d54ecbab66d808ef2307cd6ce28ff851
Marit Torgersen (t.v.) og Janne Marit Øye skal halde barneteaterforestilling.

Det vert konkurransar med premiar for både store og små bokelskarar og bokstavinteresserte.

Twist og bokstavkjeks i skranken heile dagen.

Del på