Store Norske Leksikon fritt tilgjengeleg for alle!

Store Norske Leksikon er no gratis tilgjengeleg for alle. Leksikonet som har ein historie som strekkjer seg 100 år tilbake i tid, har no teke steget fullt ut og gjort alle artiklane fritt tilgjengelege på nettet. Nettstaden har fått namnet snl.no, og gir tilgang til 300.000 kvalitetssikra artiklar.

Synlege fagfolk som går gode for innhaldet er det viktigaste våpenet til snl.no i konkurransen med etablerte nettleksikon.Store Norske Leksikon har knytt til seg fleire hundre fagekspertar frå norske fagmiljø. Desse står ansvarlege for innhaldet i dei eksisterande artiklane og skal fortløpande kvalitetssikre nye artiklar som kjem inn under deira fagområde. På denne måten vil oppslagsverket halde fram med å vekse i åra som kjem, samtidig som kravet til høg kvalitet  vert halde ved lag. Du skal trygt kunne sitere frå snl.no, vel vitande om at informasjonen er kvalitetssikra av fagekspertar.

Del på: