Sivert Aarflot-jubileet 2009

I år er det 250 år sidan folkeopplysningsmannen Sivert Aarflot vart fødd og 200 år sidan oppstarten av Aarflots prenteverk.
Biblioteket ved HVO vil gjerne vere med på markeringa av jubileet. I det høvet har vi laga til ei bokutstilling, med materiale frå eigne samlingar, som set søkjelys på verksemda til Sivert Aarflot.

Av godbitane nemner vi faksimileutgåver av Norsk Landbrugs-Tidende og Vestmannen. Ein sentral plass i utstillinga har praktverket Eksetiana av Jostein Fet, ein bibliografi som gjev opplysningar om heile 728 Ekset-trykk. Dette verket er ikkje berre ein bibliografi, men også ei Volda-soge. Når det gjeld avisene som vart trykte på Ekset, har Fet gjeve ein omtale av kvar einskild årgang og dei viktigaste hendingane i Volda det året. Bibliografien er ellers rikt illustrert.

Del på: