Rim og vers i innboksen

Prosjektet "E-diktet" i Østfold tilbyr gratis e-postabonnement på nyskrivne barnedikt. Prosjektet har vorte svært populært og over 1100 har til no meldt seg på lista som er open for alle.

Østfold fylkesbibliotek har fått kr 60 000 frå Norsk kulturråd til vidareutvikling og drift av prosjektet "E-diktet" i 2009. Barnehagar og dei lavaste klassetrinna på skulen er hovudmålgruppa,  men alle som vil kan bli abonnentar.  Alle dikta er nyskrivne og skal appellere til barn mellom to og åtte år i innhald og form.

For å bli abonnent sender du ein e-post til [email protected] og merkjer den E-diktet.
Prosjektet har også ein eigen blogg, der du kan finne alle dikta som er sende ut til no: http://e-dikt.blogspot.com/

Del på: