Prøvetilgang på Research Starters - Education
Gjennom databaseverten Ebsco har vi fått prøvetilgang på Research Starters - Education. Dette er ein database med forholdsvis omfattande bakgrunnsartiklar som trekkjer opp dei store linjene innan faget utdanning.
Artiklane er skrivne av fagekspertar og er spesielt retta mot studentar som treng oversikt over eit emne innan faget. Vi har prøvetilgang på basen ut vårsemesteret.