Nye retningslinjer for digital publisering frå Forskningsrådet
Forskningsrådet har vedteke nye prinsipp for open tilgang til vitskapleg publisering. Prinsippa slår fast at vitskaplege tidsskriftartiklar som byggjer på FoU-prosjekt finansiert av Forskningsrådet, skal lagrast i opne digitale arkiv og dermed gjerast tilgjengelege for alle interesserte. Forskningsrådet understrekar likevel at slik arkivering ikkje må bryte med forfattaren og utgivaren sine rettar.
Open tilgang kan i hovudsak sikrast på to måtar - gjennom eigenarkivering og Open Access-tidsskrift. Forskningsrådet meiner at eigenarkivering førebels er den beste av desse måtane å sikre allmenn tilgang til vitskaplege artiklar.
I tida framover vil Forskningsrådet arbeide med implementering av prinsippa for open tilgang til vitskapleg publisering i FoU-kontraktar og rutinar for prosjektoppfølgjing. Forskningsrådet har også på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gitt ei vurdering av mogelege tiltak som kan fremje eigenarkivering og anna Open Access-publisering.
Du kan lese meir om dette på Forskningsrådet sine sider.