Minuskel - bokskattar på nett

Er du interessert i gamle og sjeldne bøker? Kanskje du kan tenkje deg å ta ein titt i den første norske innføringsboka i psykologi frå 1897? Eller kanskje du er meir interessert i det handskrivne tidsskriftet Le sourire med illustrasjonar av Paul Gauguin? Då er databasen Minuskel noko for deg.

Minuskel inneheld digitaliserte skattar frå samlingane til Universitetsbiblioteket i Oslo. Aktuelt materiale vert digitalisert ut i frå behov og etterspørsel. På grunn av opphavsretten er det i første rekkje tekstar som "har falle i det fri "som vert digitaliserte. Det vil seie at forfattaren må ha vore død i minst 70 år.  Du kan bla i bøkene side for side, eller du kan få dei opp i PDF-format. Månadens bok i september er Indledning til psykologien av Kristian Birch-Reichenwald Aars.

Del på: