Klart språk i staten!
Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT har lansert ein ny nettstad for statstilsette: www.klarspråk.no. Nettstaden er ein del av prosjektet "Klart språk i staten", som vert finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
På www.klarspråk.no finn du gode råd og tips om korleis du kan skrive klart og forståeleg. Her er skriveråd, tekstdøme, quiz, blogg, informasjon om kurs og mykje meir.