JSTOR - ny databaseressurs i biblioteket!
Vi abonnerer no på den amerikanske databasen JSTOR (Journal Storage). Dette er eit arkiv over internasjonale vitskapelege tidsskrift i fulltekst, hovudsakleg innanfor humanistiske og samfunnsvitskapelege fag.
Biblioteket abonnerer på følgjande delar av JSTOR:
Arts & Sciences II, Arts & Sciences III, Arts & Sciences III, Arts & Sciences IV og Arts & Sciences V
Arkivet inneheld tidsskrift frå førsteutgåva og fram til dei siste 3-5 åra. Det vert lagt inn ein ny årgang pr. tidsskrift for kvart år, men du vil som regel ikkje finne dei siste årgangane av eit tidsskrift i denne basen. I 2010 vil du såleis ikkje få tidsskrifta i fulltekst for åra 2006-2010, berre dei som er eldre enn dette.